Eg ville hatt nokre få bodyar, strømpebukser og eit par sparkebukser/ joggebukser i str 50. Mine har vore 50/52 cm då dei var født, og då var det kjekt med noko som passa med ein gong. Ville ikkje hatt masse, for som dei andre seier veks dei fort! ( minsten tel ikkje då han var prematur, og berre 45 cm ved fødsel;)
Eg elskar ull, då den ikkje føles kald/klam om det vert ein lekasje ol, så eg kjem til å bruke mykje ullbodyar og ullstrømpebukser om det ikkje skulle bli ein varm september då;) Generelt vil eg sei det er lurt å ikkje handle alt for mykje, då ein får ein del, og det dessuten er koseleg å handle litt etter at babyen har komt, og ein veilt litt meir kva ein likar. Eg personleg er glad i mjuke sparkebukser eller mjuke bukser med brei strikk i livet til å begynne med. Omslagsbodyar er eit must synest eg, då eg ikkje likar å træ klærne over hovudet på dei når dei er nyfødde. Setta med bukser og hettegenserar / jakker med hette er ubrukelege synes eg, då hetta berre er i vegen når dei er så små. Men det er meg då, smaken er som baken ;)
Ellers så anbefaler eg Nøstebarn sine soveskinn til å ha i vogna/senga. Ubehandla merinoull skinn, mjukt og godt å ligge på, regulerer babyen sin temperatur, og vil aldri følest klamt eller vått. Har vore heilt uunværleg for meg, spesielt til minsten som var prematur, og sleit med å holde temperaturen stabil.
Egentleg er det utruleg lite ein MÅ ha før babyen kjem. Til eldste mann hadde me vogna, litt klær pose og dyne. Resten kjøpte med etterpå. Både han og minsten sov i vognbagen dei første mnd då senga var så stor, og dei helst ville ligge litt " trangt " i begynnelsen.