Stolt :D

hummm

Forelsket i forumet
For dere som vil vite litt meir...

Samboeren min studerer psykologi og har skrevet en oppgave om viktige oppvekstfaser og faktorer i livet..
Blei helt rørt av og lese det eg :D
Her er mannen som har meir peil en meg :P


1. Utvikling kan beskrivast som å vere den følelsesmessige og fysiske prosessen eller framgangen som vi går igjennom frå vi er nyfødde til vi er vaksne. Vi utviklar oss stadig gjennom heile livet, sjølv om grunnlaget for utviklinga skjer i barndommen. Utviklinga kan skje både fysisk, mentalt og sosialt.
 
Utviklingslinjer har med den ”motoriske” utviklinga å gjere. Vi kan dele den inn i 3 delar:  - Fin Motorikk – Lære seg å bruke dei små musklane og ledda.
                                         Det vil seie fingrane, tær, auge, munn og ansiktsutrykk
 - Grov Motorikk – Få kontroll over større muskelgrupper som armar og
                                bein      
                - Koordinering av bevegelsar; samarbeidar hendene og synet?
 
Vekst handlar om barnet sin fysiske vekst etter kvart som det vert større, og om kva ”vekstbehov” det har. Alle barn treng omsorg og kjærlegheit når dei veks. Samstundes treng nervesystemet å bli stimulert. Fysisk aktivitet, nærkontakt og sansane spelar ei stor rolle når ein snakkar om vekst.
 
Modning kan vere styrt av arveanlegget, men det er likevel veldig individuelt kor fort ein modnar og i kva grad. Modninga er uavhengig av miljøet rundt deg og er relativt uavhengig av erfaring. Modninga fører til endringar i oppførsel og væremåte og er ikkje noko som kan lærast, men som berre må skje.
 
Læring kan definerast som ein indre prosess som fører til varig endring i oppførsel og veremåte som følgje av erfaring. For at barnet skal lære best mogleg er det viktig med riktig form for miljø rundt det i forhold til barnets modningsnivå.
 
2. Behov kan definerast som noko vi treng for å overleve og for å utvikle oss som menneske. Det er med andre ord det som alle menneske må ha for å overleve og elles andre ting som for den enkelte er interessant.
Eksempel på behov:        - Få i seg mat/drikke
- Å gå på do
- Personleg hygiene
- Fysisk aktivitet
                                      - Familie & Venner
                                      - Kjærlegheit
                                      - Fritid


5. Behovet for tryggheit forandrar seg frå barn til vaksen, ja kort sagt gjennom heile oppveksten. Det å vere trygg og det å føle tryggheit er noko som alle menneskjer treng for å ha/få eit godt sjølvstendig liv. Det er av menneskje sin natur å vere redd eller usikker på noko og det å vete kva ein skal gjere eller korleis ein skal bearbeide det for å føle seg trygg er ikkje alltid like enkelt.
 
Når vi snakkar om tryggheit hos barn so handlar det om at barnet føler seg trygg og at familien stimulerer barnet sine følelsar rundt tryggheit. Det er viktig at barnet veit at det har snille foreldre og familie som tar vare på det og passar på det. Det er viktig å ha ein trygg og god heim å kome til og at foreldre eller evt. verge er flinke til å forklare og fortelje om tryggheitsrelaterte ting, slik at barnet får ei positiv instilling til å bli meir sjølvstendig etter kvart som det veks.
 
Som sagt so blir ein meir og meir sjølvstendig dess eldre ein blir og då er det viktig å ha fått ei god grunnleggjande barndomstid. Etter kvart skal ein flytte for seg sjølv og då blir ein meir sjølvstendig og må stå på ”eigne bein”. Då har ein ikkje nokon til å ”passe på seg” og må difor lære seg å vere trygg på ein annan måte.
 
Det vil seie at ein må halde styr på økonomien, ein må jobbe og få ei skikkelig utdanning, slik at du er trygg økonomisk og arbeidsmessig.
Ein må og halde orden der ein bur, ein skaffar seg kontakter og vener, ein lagar mat og styrer livsstilen sjølv og får seg kanskje etter kvart familie som ein skal ta vare på. Dette er viktige faktorar som må til for at ein skal føle seg trygg i voksen alder og for å ha eit bra liv.
 
Det er med denne forklaringa at ein kan sjå nokre av ulikskapane ved behovet om å føle seg trygg som barn kontra vaksen. Ein ting er i alle fall sikkert; behovet for tryggheit er noko som følgjer deg heile livet ditt.
 
6. Forskjell på måtar ein 3-åring og ein 13-åring utrykker behov på:
 
Utrykk   Alder è                              3-åring                          13-åring       
   ê  
Behov for oppmerksomheit              Sutring og klaging      Banning og kjefting
Behov for sjølvstendigheit             Vil gjere ting sjølv              Eige soverom, meir fritid
Behov for tryggheit                        Vil sove med foreldra         Treng at foreldra er der for deg                    
Behov for å føle seg nyttig             Hjelpe til å lage middag     Gå på butikken, i banken
 
7. Begrepsforklaringar
Sosialisering: Sosialisering betyr at vi lærar oss dei grunnleggjande verdiane og normene i samfunnet. Kva verdiar og normer vi legg vekt på, er difor viktig.
Læringsprosessen som vi går igjennom frå vi er fødde til vi vert gamle, kallast sosialisering. Sosialiseringa skjer heile livet, og vi forandrar oss og endrar  haldningane våre etter kvart som vi lærar noko nytt.
Primærsosialisering: Sosialisering som skjer i heimen og innan for familien, kallar vi for primærsosialisering.
 
Sekundærsosialisering: Sosialisering som føregår utanfor heimen kallar vi for sekundærsosialisering. Det kan vere på skulen, jobben, med vener, på fotballtrening osv.
 
Oppseding kjem under primersosialisering, ettersom det første og mest grunnleggjande du lærar skjer i heimen, saman med foreldre og nær familie. Det er heime du får oppdraginga og det er foreldra som lærar deg forskjell på rett og gale osv.
 
Sosialisering fører til sosial kompetanse ved at du lærar å vere meir sjølvstendig, korleis du skal kome lettare i kontakt med folk, du lærar å ta initiativ til å innleie ei samtale og forskjellige måtar å omgåast folk på.
8. Erikson meinte at miljøet spelte ei stor og viktig rolle for korleis menneskje utviklar seg og at det mest grunnleggjande for utviklinga ligg i dei første åra av livet. Erik H. Erikson sine åtte aldrar beskriv korleis han meinte at menneskje utviklar seg:
0-1½ år: Grunnleggjande tillit eller evt. mistillit 1½-2år-3 år: Sjølvstendigheit eller tvil 3-6 år: Initiativ eller skyldfølelse 6-12 år: Arbeidslyst eller mindreverdigheit Ungdomstid: Identitet eller rolleforvirring Unge vaksne: Intimitet eller isolasjon Vaksne: Utvikling eller stagnasjon Alderdom: Integritet eller fortviling  
 
ORIGINAL: Lillepusen

Wow! Hils og si BRA JOBBA! 
 
    Jepp eg e Max stolt :D:D
 
Back
Topp