Eg skal ha Epidural:).......................................................................................................................................................... Kjem til å gje beskjed når eg kjem inn døra på føden. Eg har fødd ein gong heilt utan smertelindring ( prøvde akupunktur med null effekt, og lystgassen fekk meg berre til å spy), og ein gong m Epidural. Må sei at det var to ekstremt ulike fødselsopplevelsar. Veldig glad for at eg prøvde utan Epidural, slik at eg veit kva det vil seie, men eg fann ut for seint i forløpet at eg ville ha det likevel. Endte med å bli liggende i senga, Og var så utslitt at eg hugsar lite av sjølve fødselen og dei første minuttane etterpå..................................................................................................... Hadde ein perfekt Epidural med nr 2. Kjente berre at magen trakk seg sammen undre kvar ri, men hadde absolutt ikkje vond. Gjekk oppe heilt til eg skulle presse, og då stod eg på kne i senga og fødde. Hadde masse krefter att og hugsar alt. Følte eg fekk ta del i fødselen på ein heilt anna måte enn gangen før. No håpar eg på ein like flott fødsel, og gler meg faktisk til å fø:) Nyare forskning viser og at det er mindre bibirkningar med Epidural enn det ei lenge trudde, og det har ingen invirkning på babyen. Morfin, Petidin og andre morfinpreparater går over i blodet og til fosteret, kan gjere babyen sløv etter fødselen og føre til dårleg pust, og vanskar med å suge. Dersom babyen er veldig påverka gjev dei motgift, men det er jo ikkje heilt optimalt. Trudde egentleg dei hadde gått vekk frå denne typen preparater under fødsel.