overføre penger til utlandet(nettbank)

Mamman til Pat/Kev

Elsker forumet
så må man opplyse BIC /swift adresse. Men hva er det???????????
 
Hentet fra ssf.no


IBAN/BIC - Ny europeisk standard for grensekryssande betalingar.


IBAN (International Bank Accunt Number) er det nye formatet for bankkontonummer som blir brukt i Europa.
Antal karakterar (både tal og bokstavar) i IBAN. varierer frå land til land, men startar alltid med landkoden på to bokstavar. Sjå døme på IBAN-standardar i ulike land.

BIC (Bank Identifier Code) er ein bank si unike adresse i SWIFT adresseregisteret, også kalla SWIFTadresse. BIC er på åtte eller elleve karakterar, der dei seks første alltid er bokstavar.

IBAN brukt i kombinasjon med BIC er definert som europeisk standard, og skal nyttast ved grensekryssande betalingar i EU/EØS land + Sveits.

Bruk av IBAN ved betalingar TIL utlandet
Som betalar må du innhente IBAN og BIC frå betalingsmottakarane dine i Europa og oppgi dette ved betaling. Betalingar til EU/EØS land som ikkje inneheld IBAN og BIC vert som hovudregel returnert av mottakarbankane, og Sparebanken Sogn og Fjordane stoppar difor betalingar som ikkje inneheld nødvendige opplysningar.

"Elektronisk" - i Nettbank skal IBAN registrerast samanhengande utan mellomrom og utan ordet IBAN framfor. Dei to første bokstavane i IBAN (landkoda) er ein del av kontonummeret og skal difor nyttast. IBAN erstattar tradisjonelt kontonummer og skal difor registrerast i kontonummerfeltet.

Bruk av IBAN ved betalingar FRÅ utlandet
I Noreg vil IBAN vere ei utbygging av ordinært 11-sifra kontonummer til å bli eit internasjonalt kontonummer med i alt 15 karakterar der :
Posisjon 1-2 er landkode for Noreg (NO)
Posisjon 3-4 er 2 kontrollsiffer (variable)
Posisjon 5-15 er ordinært 11-sifra kontonummer.
Døme: Kontonummer 37000512345 i IBAN-versjon ser slik ut: NO31 3700 0512 345.

IBAN er det kontonummeret du skal oppgi når ei betaling skal sendast til deg frå utlandet. Ved innanlandsk betalingsformidling skal ordinært 11-sifra kontonummer framleis nyttast.
 
Back
Topp