Kan berre svare for min situasjon, veit ikkje korleis det er med andre typar utdanning og andre situasjonar.
Eg begynner på første året for å bli helsesekretær no (bestilte bøkene på nett og fekk brukarnavn og passord frå NKI på fredag). NAV betaler studiet. Min saksbehandlar sa at dei har ei maks grense på rundt 100 000 i året for utdanning, dersom NAV og brukar er einige om at det er beste veg å gå. Helsesekretær er på vgs-nivå, så eg veit ikkje korleis det er med høgare utdanning.
Eg mottar aap mens eg studerar, sidan vi estimerer at eg skal vere ferdig med studiene innan retten min til aap går ut.
Edit: Prisen vil bli rundt 75 000,- for sjølve studiet, og så kjem eksamensavgiftene og noko støtte til bøker i tillegg. Etter planen skal eg vere ferdig til sommaren 2017 (har studiekompetanse frå før, så eg treng berre ta programfag no).
Eg er visst ikkje så flink til å svare på alt på ein gong... Frå eg begynte å tenke utdanning har det egentlig gått kjempefort, men så har eg og vore først sjukmeldt eit år, og deretter på aap 1,5 år. Hadde arbeidsavklaring (med karriereveiledning) i bedrift 09.01-09.03., og konklusjonen vår var at eg ville utdanne meg på nytt viss NAV kunne hjelpe. Nøyaktig ein månad etter eg var ferdig der (09.04.), var alt bestemt etter diverse telefonsamtalar og epostar med saksbehandlar i NAV, undersøkingar ang. studiet osv. Så no går eg i gang så snart eg får bøkene i posten!