Om ein drøy time, nærare bestemt klokka 02.07... *fjerna bilete*

Ranveig!

Forumet er livet
Aprillykke 2016
... piper alarmen på telefonen min. Guten vår lurte nemlig så veldig veldig på akkurat når han blir seks år, at eg måtte love å vekke han :o)

Skjønne store skuleguten vår, det er faktisk heilt utruleg at den lille bylten, som han ein gong var, har begynt på skulen! No ligg pakkane frå meg og faren, frå lillesøster og frå kattane + hønene klare så han kan få opne dei med ein gong han våknar i morgon.

Dagen vil bli feira med sfo (han har berre halv plass, og synest det er så veldig kjekt at han ville vere der *ekstra* lenge sa han) og så kjøttdeig og spaghetti saman med mormor, besten, tante, tante og onkel. Og ein ven som hadde bursdag i går. Og sjokolademuffins med smørkrem :o)

Det er så kjekt med bursdag!!


Eg måtte sjølvsagt inn i bileta mine og mimre litt... Her er guten vår frå nyfødd til skulestart (fjernar bileta etter kvart):


21.09.05: 4440 g og 54 cm. Kan skrike og drikke melk, søv litt, men ikkje mykje.


1 år: 78 cm og 9,5 kg. Kan stå litt, klappe, lage dyrelydar når han ser bilete. Første ord: Pus.


2 år: 87 cm og 12 kg - og storebror! Kan gå, klatre i trapper, snakke lange setningar på 6-8 ord og har ein vilje av stål.


3 år: 99 cm og 14 kg. Pratar som ein foss heile dagen. Enormt temperament og utholdenhet. Kan springe litt, klappe katten forsiktig og underholde lillesøster.


4 år: 107 cm og 16 kg - og mamma har hatt det moro med barbermaskina... Har fått briller (og då blei temperamentet og motorikken plutseleg bedre, rart med det..), kan klatre og hoppe og turne som ein helt! Og har blitt ein racer i Mariokart.


5 år: 111 cm og 17 kg. Kan teikne eit enkelt menneske og skrive bokstaven sin. Sterk språkleg, snakkar innvikla setningar om vanskelege tema dersom han får det for seg.


Skulegut: 119 cm og 19 kg. Definitivt skuleklar. Kan skrive navnet sitt, klatre i trær, øver på å sykle. Bygger eigne byggverk av lego, har endeleg skjønt at ein ikkje MÅ følge bruksanvisninga :o) Og han har omsider forstått at det er mulig å leike med lillesøster, dei treng ikkje å krangle heile tida (berre nesten).

Vips - det var 0-6 år. Fascinerande at ein hjelpelaus liten baby kan vokse og lære så mykje...
 
så herlig gutt
gratulerer med 6åring i huset
Rart å fort tiden går og nå er de alt skolebarn
 
Så fin gutt du har:) Gratulerer så mye med 6-åring i hus, håper dere har hatt en fin dag! Om ikke så lenge har jeg en gutt som også blir 6 år, tiden går jammen fort;)
 
Vi har hatt ein flott dag, dei hadde faktisk vaffellaging på skulen i dag, heilt tilfeldigvis på bursdagen. Bra timing! Ask fekk vere ekstra lenge på SFO, og deretter henta onkel han med "racerbilen" sin. Veldig populært. Kjekke pakkar og hyggeleg selskap. Det var ein svært fornøgd liten (unnskyld... STOR) gut som la seg i kveld :o)

*fjerna bilete*

Her bygger han lego saman med ein kamerat av meg, mens vi ventar på at muffinsene skal bli kalde nok til å ha på krem :o)
 
Gratulerer kjempemasse med overstått 6 års dag.
 
Back
Topp