Follow along with the video below to see how to install our site as a web app on your home screen.
Notat: this_feature_currently_requires_accessing_site_using_safari

ORIGINAL: Pijah


ORIGINAL: Astrone Laluna
Pannekaka
DET VAR ein gong ei kone som hadde sju svoltne ungar, og dei steikte ho pannekaker til. Det var råmjølks-kake Den låg i panna og este seg så tjukk og god, og ungane stod omkring, og gamlefar sat og såg på.
"Å, la meg få litt pannekake, mor, eg er så svolten," sa den eine ungen.
"Å kjære deg," sa den andre.
"Å kjære, vene deg," sa den tredje.
"Å kjære, vene, snille deg," sa den fjerde.
"Å kjære, vakre, vene, snille deg," sa den femte.
"Å kjære, vakre, vene, gode, snille deg," sa den sjette.
"Å kjære, vakre, vene, gode, snille, søte deg," sa den sjuande, og så bad dei om pannekake alle saman, den eine vakrare enn den andre, for dei var så svoltne og snille.
"Ja, barna mine, vent no berre til den vender seg," sa ho - til eg får vendt den, skulle ho sagt - "så skal de få pannekake alle saman. Sjå berre kor tjukk og velnøgd den ligg der."
Då pannekaka høyrde dette, blei den redd, og rett som det var, så vende den seg av seg sjølv og ville ut av panna; men den fall ned att på den andre sida. Då den hadde steikt seg litt på den også så den blei fastare i fisken, spratt den ut på golvet og trilla av stad som eit hjul ut gjennom døra og bortetter vegen.................
Vil ungene ha[8D]