Nokon som ikkje har vore på TUL?

Fyrste gong eg var gravid, var eg ikkje eingang inne på tanken om TUL. Tenkte at det kun var dei aller mest hysteriske og nervøse som betalte i dyre dommar for ei ekstra undersøking som ikkje eingang fagfolk meinte at me treng. Men så sat plutseleg i veke 11 med ein MA der det viste seg at utviklinga hadde stoppa opp mange veker tidlegare. Visste ikkje då at det gjekk an eingang. Trudde at om det vart abort, ville ein merka det med ein gang. Vart litt lang i maska av heile opplegget. Så denne gongen (etter nok ein sa), vart eg visst ein av dei "hysteriske" eg også. :wideyed:

Kjenner faktisk eg blir litt provosert av debatten om tul og fosterdiagnostikk for tida. Eigentleg heilt vanvittig at OUL ikkje er før halvvegs ut i svangerskapet. Skal ikkje kommande mødre og fedre sjølv kunna bestemma kva som blir rett for dei mtp undersøkingar og evt abort dersom det skulle visa seg å vera noko gale? Og tilbod om tul ville definitivt fått roa nokon nerver rundtomkring. Er heller ikkje alle som verken har råd til eller tilgang til tul, og at ein då vert "tvinga" til å venta til oul, kanskje med nokon vonde opplevingar bak seg, er til å bli litt oppgitt på :facepalm: Trur behovet for å sjå liv er rimelig sterkt hos mange. Så kan tilbod om fosterdiagnostikk vere opp til kvar enkelte familie.
 
Back
Topp