http://www.babyverden.no/Forum/Generell-diskusjon/Generelt/Er-det-nokon-her-som-har-hons/1455618T/
http://www.babyverden.no/Forum/Generell-diskusjon/Generelt/I-dag-har-vi-bygd-honsehus-bilete--Og-no-har-vi-jaggu-fatt-hons-og/1458870T/
Eg er ganske fersk i dette sjølv, men svarar likevel. Om du ser på linkane over er det svara eg fekk då eg spurde om høns her i sommar. Kanskje ikkje så mykje nyttig i den første linken, men litt underholdande er den i alle fall.
Vi har framleis det hønsehuset som du ser bilete av i link 2. Det var berekna for 4-6 høns stod det, men det må no vere snakk om dverghøns i tilfelle. Våre er store (australorp og blanding av det og andre store rasar)... Dei brukar heile innedelen (både verpekassen og "soverommet") til soverom, men dei er alt for store til å kunne sitte på vaglepinnane som fulgte med.
I tillegg er dette huset på ingen måte egna her ute i havgapet, når det regnar horisontalt. Det blir søkk vått inne i soverommet etter ein dag med regn. Hønene held varmen likevel, men det begynner å lukte og må reingjerast veldig ofte. I tillegg blæs det veldig her, så for eit par veker sidan var heile taket (med hengslar og alt) blåst av. No kan det ikkje lenger opnast i toppen, måtte skru det dønn fast... Eg har sett tømrarfetteren min på saka, og han har sagt han skal sjå om han kan klare å gjere huset regntett. Eg har i tillegg kledd igjen heile bakveggen. Nettingområdet i buret er alt for lite til at det har nokon nytte synest eg, bedre å lage innehus på heile det området. Døra til hønsegården er alltid open uansett, og hønene går inn og legg seg når det blir mørkt. Einaste eg brukar det til er å ha matskåla under tak. Planen er å dekke alle nettingveggane og legge golv i huset, og henge opp vagler gjennom heile huset. No ligg hønene som sagt og søv inne i verpekassane, men det er jo meir naturleg for dei å vagle seg på pinnar (dei er jo tross alt fuglar).
Hønene våre begynner å bli skikkeleg store. Dei er høgare (men kortare) enn kattane, og kan vel vere eit par kilo kan eg tenke meg? Har lest at australorps blir ca 3,5 kg som fullvoksne. Våre vart klekka 28. april.
Første høne la første egg 4. september, drøyt 18 veker gamal. No har to av dei andre fulgt på, men den første har kome i rugemodus... Ho har slutta å verpe og ligg berre og rugar på egga dei andre legg, eller på ingen ting. Kastar ho ut av verpekassen så ofte som mogleg så ho skal kome seg ut av "rugemodus". Vil ho har tilbake superverparen min! I går var ho forresten ute i hønsegården då vi stod opp, og det er eit bra teikn.
Sidan vi fekk dei heim i midten av juni har det gått med ein sekk (25 kg) kyllingfór, og no er dei over på verpefór og er eit stykke ned i første sekk. Tenker den varar ei veke eller to til. Har altså ikkje store utgifter med hønene. Ellers et dei brød (tørkar alle restar av gamalt brød (ikkje mygla!) og når dei skal ete det bløyter eg det opp i lunka vatn. Gir dei det eg måtte ha av restar; kjøttdeig, pasta, pizza, lapskaus, ris, kokte grønsaker, supper, graut i alle variantar, frukt (dei likar ikkje pære og appelsin), havregryn, knust knekkebrød, yoghurt, melk, eggerøre, pølse, kylling... <-- føles litt umoralsk men dei likar det jo... Finknust eggeskal (og/eller skjellsand) er ei fin kjelde til kalsium, som dei jo treng for å lage skal på egga.
Hønsegården vår er på mellom 16 og 20 kvadrat ein plass, 1,5 m høgt gjerde rundt og netting over det heile. Har ikkje sett noko til rovfuglar eller -dyr (om vi ikkje teller med kattane, men dei prøver seg ikkje lengre no som hønene har blitt så store). Når vi er heime lar vi dei som regel gå heilt fritt rundt i hagen. Dei har laga seg til ein yndlingsplass under eit bjørketre, der dei har sparka opp jorda. Der "badar" dei og kosar seg, vil ikkje bade i sandbadet vi laga inni hønsegården.
Viss du sender meg ein pm skal du få link til eit facebookalbum der eg har fleire bilete av huset og gården. Vil på sikt ha eit større hønsehus, eller i alle fall få kledd igjen, og isolert, det vi har.