Eg har ei venninne som har denne vogna, og ho anbefalar den på det sterkaste! Ulempa ho ser, er at du ikkje kan bruke bagen like lenge som t.d. ei simovogn. Når babyen er 5-6 mnd, er bagen for liten avhengig av kor stor babyen er, sjølvagt. Du må bruke dyne eller ein kort sovepose oppi (dei fins; høyr med forhandlar kva slags pose som passar). Voksipose o.l. passar ikkje; men dei passar ikkje i så mange trehjulingar uansett!
Vi skal ha denne vogna frå hausten av, altså når babyen er ca. 7-8 mnd. Då reknar eg med han er litt meir interessert i å kike ut i verda, og eg tenker eg er lei av ei tung vogn. Har kjøpt ei brukt Emmaljunga som vi skal bruke fram til då.
Vi hadde trehjuling med vesla, og syns det var genialt. Ho hadde eigen sovepose som fulgte med vogna då vi kjøpte den, og vi brukte den faktisk frå ho var 3 mnd - dette var uten bag. Men eg syns no i ettertid at det hadde vore bedre med bag; det var berre det at vi aldri fann slike der vi budde (i Hellas)! Mountain Buggy er kjempefin, kjempelett og har fått gode kritikkar i motsetning til trehjulingar som Quinny, som har fått rykte på seg for å velte lett. MB er kjempelett å trille på alle underlag, den kan slås sammen på 2 sekund og får plass i dei fleste bilar - i motsetning til Simo, Emmaljunga o.l.
Du kan lese litt meir om fakta, i tillegg til fordelar og ulemper her:
www.barnevognguiden.no, eller direkte her: http://www.barnevognguiden.no/index.php?option=com_jreviews&task=listcategory§ion=4&cat=27&dir=1&Itemid=70
På barnevognguiden.no står den framleis oppført som OTH (One Three Hill), som er det gamle namnet på vogna (det skifta navn på siste vognpartiet, altså 08/09-varianten).