Jenta vår fekk diagnose "kumelkproteinindusert kolitt" (altså blir tarmen irritert/betent pga melkeprotein). Ein kan ta blodprøvar for slikt, men det er ikkje alltid det slår ut. Ein kan reagere utan at det gjev utslag på prøven.
Melkehistorien til jenta vår:
10 mnd: Begynte med fast føde (nekta før), deriblant ost og yoghurt
15 mnd: Liten vektauke (ca 200 g siste 5 mnd). Helsesøster (eldre vikar) avfeide bekymringa mi med at "Neida, du ammer jo, så då er aaalt bra!" (Det same sa ho ang motorisk utvikling som og var forsinka... Har seinare fått konstatert hypermobile ledd.)
17 mnd: Hadde gått ned litt i vekt og dermed lagt på seg totalt 190 g siste 7 mnd. Personligheten var totalt forandra, frå soltråle til monsterskriking, dag og natt. Eg amma framleis, så hadde ikkje reagert på at avføringa var gul og blaut - ho fekk jo morsmelk.
Drøyt 17 mnd: Drakk rein melk for første gong og reagerte med ein times illskriking ca ein time etterpå, og 8-10 signalgule, slimete diarébleier i løpet av dagen. Snakka med fastlege og fekk beskjed om å kutte alle melkeprodukt umiddelbart. Trengte ikkje å slutte å amme, sa han. Henvist til utredning.
18 mnd: Innlagt pga framleis mykje slimete diaré og voldsom skriking. Fekk tatt blodprøvar. Mistanke om cøliaki. Måtte slutte å amme med det same.
Alle blodprøvar var negative ved 18 mnd, 21 mnd og 24 mnd. Fekk likevel diagnosen fordi magen blei bedre av diett. Fekk beskjed om at det ofte er forbigåande, og at vi kunne prøve forsiktig med melkeprodukt ved 2 års alder. Men på den tida var ho framleis så tynn (88 cm og 10,8 kg) at vi måtte vente eitt års tid til.
Ved ca 2 år og 9 mnd hadde ho lagt så godt på seg at vi tok sjansen på å prøve, og innførte melkeprodukt med stor suksess. No har ho ete melkeprodukt i snart eitt år (med unntak av rein melk, det likar ho ikkje, drikk framleis havremelk) og har ikkje andre problem enn noko hard avføring, kløe og litt eksem. Men det treng jo ikkje vere melka som er årsak til dette.
Om det er noko anna du lurar på kan du berre spørre, eg veit i alle fall litt om emnet. Det står og noko inne på Barn med spesielle behov-forumet.