Møkkabil

beibis

Elsker forumet
I dag starta ikkje bilen, femten minutt før eg skulle vera på helsestasjonen. Det ausa ned og, sjølvsagt [:@] Men me kom no fram til fots, og alt stod bra til med gullet. Bortsett frå at han hadde ein rekord-gulp på vegen ned, så heim hadde han ei strømpebukse på hovudet. Såg bra intelligent ut! [:D]
 
Men det var den bilen, 2003-modell Citroen - fyrste gangen den ikkje har starta. Eg ringte verkstaden,  og dei meinte det kunne høyrast ut som om batteriet var flatt. Eg har altså brukt bilen for lite! Det er eit uvanlig problem, sidan eg kjører fem mil daglig når eg er i jobb. Då er det å få tak i svigers med startkablar. Eg håpar verkelig det er berre det...[&:]
 
Takk, det hjalp å klaga litt her! [;)]
 
det er så hat når bilen ikke funker altså!! vet så altfor godt hvordan det er. har kjørt en litt sliten bil frem til nå, og det var hele tiden masse dritt med den, og det er så frustrerende!!
 
håper dere får den igang igjen, og at den er snill mot deg fremover!
 
Back
Topp