Du kan lage det aller meste av mat av melkefri alternativ. Om det er laktose du skal holde deg unna er det enno enklare.
Bollar (vatn eller laktosefri melk eller havremelk i staden for kumelk, soft spesial eller olje i staden for smør), eventuelt skillingsbollar er ingen problem om du har lyst på noko søtt. Alt av bakverk kan lagast med olje/soft spesial i staden for smør, så du kan i teorien lage all slags kaker, rundstykke, bollar og muffins. Eg har til og med laga heilt melkefri riskrem og bløtkake :o)
Soyayoghurt er ok på smak og kan vere god å ha på f.eks. fruktsalat. Du kan ha grønsaker og dip (kan lagast av melkefri "rømme" eller yoghurt). Det fins sjokolade utan melk, men eg er ikkje heilt oppdatert på det no lenger. Hos helsekosten har dei alle fall.
Etter å ha laga totalt melkefri mat til jenta vår i halvanna år er ost det einaste eg ikkje har funne noko fullgodt, melkefritt alternativ for.