Ivf-mamma79
Andre møte med forumet
Hei! No er eg på dag tre med kynnere. Dei roar seg heldigvis på natta, men er ganske smertefulle på dagen. Har endometriose så er vant med sterke menssmerter. Problemet er at dei jo kjem ganske regelmessig. I går kveld var det stort seg 5-6 minutter mellom kvar og dei varte stort sett 45-60 sekunder. Er det nokon som har erfaring med dette og kan seie noko om kva som er vanleg? Er det vanleg å ha så tette kynnere over mange dagar? Det blir ikkje sterkare i intensitet så det verkar ikkje å vere rier. Det kan også sjå ut som om slimproppen er i gang med å løyse seg opp.