Korleis gjekk det? Kva endte dåke opp med å bestille?
Eg var så opptatt med å fortelje kva vi ikkje har vore fonøgde med i går, at eg gløymde å seie kva vi har vore fornøgde med...
Scooby-briller frå Specsavers har vore kjempebra for guten vår, det same har Bamse-brillene frå Brilleland. Dei sistnevnte er litt større/tyngre enn dei første, men vi valgte med vilje nokon litt store sidan dei skulle brukast som solbriller.

I dag har vi bestilt Moomin (Brilleland). Det stod mellom dei og ein annan (som eg ikkje hugsar navnet på, men det var ei billeg innfatning, 299,- trur eg). Det var dei to ho i butikken syntes såg best ut til guten, og eg var einig. I tillegg er det eit poeng at glasa ikkje er så veldig store sidan gutan treng sterke briller og dei dermed fort kan bli tunge (sjølv med tynne glas). Men då eg tok dei av og på guten eit par gongar var eg ikkje i tvil, Moomin-brillene kjentes meir stabile ut, men likevel meir fleksible.
Innfatninga her kosta vel 1299,- trur eg. Vi fekk 29% rabatt (aldersrabatt, men når det er små barn som skal ha briller får dei rabatt ut frå mor sin alder), og så betaler NAV 430,- av innfatninga + glasa. Så vi ender opp med å betale drøyt 500,- for briller til 4500. Veeldig glad for at det fins slike ordningar!