Eg har ingen diagnose, men har hatt daglege bekkensmerter sidan første gong eg gjekk gravid for ni år sidan. Har gode og dårlege dagar og periodar sjølvsagt, og eg kjenner at hormoner speler inn - det er generelt meir smerter frå eggløysning til etter mens for eksempel. Og viss eg gjer ting som provoserer (gå mykje på asfalt, driste meg til å jogge, sitte på golvet, osv.) kjenner eg det etterpå.
Eg gjekk til fysio i begge svangerskap og etter første, men var ganske bra i slutten av og like etter andre svangerskap. Det kom liksom berre snikande tilbake etter kvart.