Kor ofte skal ein amme 2mnd baby

Vildus

Første møte med forumet
Har eitt barn på litt over to månader. Barnet blei født i svangeskapsveke 38, og hadde gulsot. Barnet tok igjen fødselsvekta si etter 3veker, gjekk truleg “seint” grunna gulsot. Babyen har sia gått opp i vekt og fulgt sin vektkurve. Barnet trivst og har har det bra.
Men… kor ofte skal eg amme? Har fått forskjellig informasjon, og når eg har spurt helsesjukepleiar om dette har eg ikkje fått skikkelig svar tilbake. Eg treng andre sine erfaring og evnt råd vidare.

Eg har til no hatt alarm på for å amme, i tilfelle babyen ikkje våkner sjølv. På dagen vil babyen har mat alt frå 1 t til 2t til tredje kvar time. Men barnet har ein del kveldsuro, og sovner tungt og godt når det først sovner for natta. Då har eg hatt alarm på etter 4,5 t etter sist måltid, i tilfelle barnet ikkje våkner - slik at eg veit det får mat, og også siden eg ikkje har fått noke svar av helsestasjon på kva som er greit. Dette vil då sei at av og til har eg vekka barnet, sjølv om det berre har fått sove i to timar, for å amme.

Av og til har eg vert så trøtt sjølv at alarmen har blitt slått av og eg har sovna igjen - og barnet har våkna av seg sjølv og er sulten etter 5t siden sist amming. Natt til i dag gjekk det 8t før barnet våkna og ville ha mat (alarmen trulig slått av, og eg våkner i panikk fordi eg lurer på om dette er trygt/feil/gale). Babyen drakk godt og ville sove meir, men prata litt før babyen igjen sovna.

Kva tenkjer de? Kan eg slutte med alarm, og vente til barnet våkner og drikker sjølv. Eller kan eg vente og ha alarm på etter f eks 6t etter sist amming, eller la barnet sove i 6t sjølv om sist amming då evnt er 8t siden?

Føler sjølv babyen et betre når det våkner og vil ha mat sjølv, enn når eg vekker det. Barnet sovner også bedre igjen når det har våkna sjølv, enn når eg har vekka det - då går det ofte 1-2t igjen før barnet finn roen og sovner.
 
Jeg har hatt to med gulsott, og så fort de var kvitt den, gikk jevnt opp i vekt og spist godt på dagen slutta jeg vekke på natt. Ingen av de hadde så veldig lang periode med lange soveøkter på natt, så jeg nøt det så lenge det varte. Vekker heller ikke på dagtid med mindre vi har en avtale som vi må møte til rett tid. Opplevde også at baby spiste dårligere om jeg vekte, og sovna stort sett bare.
 
Back
Topp