Prøv å ikkje tenke så masse på dette, lettare sagt enn gjort, det veit eg. Det eg kvir meg allermest til er akkurat den delen av fødselen. Ikkje minst etterpå...
Men, ein ting er sikkert, eg vart klipt to store klipp forrige gang, i tillegg revna eg grundig og vart sydd over 200 sting (iflg legen), men det var ikkje vondt verken å revne eller bli klipt, ikkje i forhold til resten i allefall ;o) Eg merka det nesten ikkje der og da, men har hatt store problemer og mykje smerter med det i ettertid. Min vart tatt med tang altså, så det er ikkje vanlig å "sprekke" på den måten under vanlig fødsel.
Uansett så er det ingenting anna å gjera enn å lytte aktivt til jordmor når dei sier at du skal holde igjen, presse osv, og så må dei vurdere om det er nødvendig med klipp osv.
Ville i tillegg har skrevet eit fødebrev til sjukehuset der du tar med din frykt for å revne, da kan det hende dei er ekstra forsiktige.
Det gjorde eg sist, og dei vart faktisk oppriktig lei seg da eg revna så mykje, men dei måtte jo berre få guten ut, så det var jo ein bagatell i den store sammenhengen. Men, det forsøkte i allefall alt dei kunne for å unngå det!!