Ask er ein liten kunnskapssvamp, så eg går ut ifrå at han vil kose seg på skulen når han først begynner. Men han gruer seg nok litt. Heldigvis skal han gå i klasse med ein av gutane som har gått på same base i barnehagen. Han har fått ny matboks, skulesekk og pennal, men vil helst ikkje snakke om det. Blir sint når nokon spør. Han vil ikkje begynne på skulen, fordi han vil ikkje vere der så lenge/kvar dag. Det er nok litt frykten for det ukjente som råder.
Men han er veldig stolt over at han er "helt ferdig med å gå i barnehagen", og han gleder seg til å vere med dit for å levere og hente lillesøster. Eg har lova han at han skal få gå inn sjølv og gjere ho klar, og så skal eg komme inn og hjelpe dei ut :o)
Når det gjeld kva han kan, så kan han bokstavane, veit kva dei heiter og kan skrive dei (treng litt hjelp med å skrive nokon). Kan med litt hjelp stave og skrive enkle ord, fekk til "mormor" her om dagen, og gjett om han (og mormor) var stolt! Han kan tal og kan telle til hundre og sikkert lenger om han gidd. Får til små reknestykker med pluss og minus, og har begynt så vidt å prøve på gange og dele (lurte veldig på kor mange kroner det blei på kvar av han og søstera og kameraten, når han hadde 9 stk).
Han er vitebegjærlig og har super hukommelse, har nokon lest eitt eller anna for han, eller han har sett det på tv, kan han fortelle oss i detalj om korleis f.eks. kvithaien oppfører seg, kor den lever og kva den eter. Og at "havålen spiser alt den kommar over og jakter for det meste om natten". Kjempemorsomt å høre på! Det siste nye han har begynt med er å deklamere dikt :D Yndlingsdiktet hans er "Tre rare katter" av André Bjerke, det kan han på rams, og deklamerer med rytme og innlevelse. Og ler godt når han er ferdig, fordi det er så morsomt.
Det er fascinerande å sjå at ungane tar farge av korleis vi voksne er... Faren har studert matematikk i årevis, eg er definitivt meir eit "språkmenneske", og har sunge og lest dikt for ungane frå dei var baby. Eg er interessert i dyr og natur, men om interessen er arveleg, eller om guten synest det same er spennande fordi det er lett tilgang på informasjon får eg vel aldri vite.
Knapt tre veker til skulestart. Kjenner eg kvir meg litt eg og, og skulle ønske dei hadde hatt litt meir opplegg før skulestart enn ein førskuledag på ca to timar. Trist at så få frå bhg skal i same klasse (hadde håpt dei blei fleire sidan bhg og skulen ligg rett ved sida av kvarandre, men dei fleste høyrer til andre skular likevel), men greitt med liten klasse. Dei blir nemlig berre 11 elevar i klassen, og ein av dei har eit lite handicap som gjer at det i tillegg blir ein assistent der i alle timar.
Lykke til med skulestart til alle saman her!