Eg bestilte legetime 18 dpo faktisk, fordi eg var bekymra for dei svake testene. Men fekk ikkje time før 10 dagar etter. Pga jobb kunne eg ikkje ringe for å forklare situasjonen, så då vart det litt ventetid. Mista før legetimen, men eg fekk målt hcg for å bekrefte tap - den fortsatte å stige, ganske svakt (38 til 104), men tydelig. Det var ein forvirrande prosess for å vere heilt ærlig. Mistenkte sjølv exu då testane vart kraftig sterke etter 1-2 veker etter blødningen, og eg måtte virkelig krangle meg til nye blodprøver og henvisning hos min fastlege. Det håper eg ikkje andre opplever!
Eg fekk methotrexate fordi hcg var under et visst nivå (huskar ikkje heilt kor høgt dei hadde satt den), og fordi den var ganske liten og utan hjerteslag. Hcg steig veeeeldig sakte opp til 2000.
Methotrexate er visst førstelinjebehandling, og eg fekk oppfølging etterpå med blodprøver heile vegen ned til under 5. Ulempen er at eg må vente 3 mnd på å prøve å bli gravid, men syns det var verdt det for meg å unngå operasjon. Første svangerskap så eg håper å unngå det igjen </3
Så eg ville ringt legen så snart som mogleg, kanskje er det til og med noko ein ikkje treng legetime for, om ein berre skal ta blodprøve?
Lykke til