Mas på Ullevål. Ring og spør om dei har fått nokon avbestillingar, og gje beskjed om at dåke kan møte opp på kort varsel dersom andre avbestiller time.
Jenta vår er og plattfot og hypermobil (ikkje i knær og abuar, men anklar, hofter, fingre og handledd). Ho har dog ikkje slike plager du beskriver. Ho var/er sein grovmotorisk og har forholdsvis dårleg balanse og koordinasjon, men fungerar fint i kvardagen. Har vore undersøkt nokre gongar på Haukeland og har vore hos fysioterapeut, men sidan ho heile tida har utvikla seg (berre litt seinare enn andre) blir ho ikkje fulgt opp meir.
Ho er og våken minst eit par gongar kvar natt (har vel sove natta gjennom kanskje 5-10 gongar i løpet av 3 1/2 år), enten fordi ho må tisse, fordi ho har mareritt eller fordi ho har vondt. Kor ho har vondt er det derimot ikkje så lett å få tak i, neste gong skal eg prøve å massere føttene/beina, i tilfelle det heng saman med hypermobiliteten.
Eg har dermed ingen gode råd til deg, anna enn å mase på Ullevål og kreve å få komme til utredning...
Kor gamal er forresten jenta di, og når blei hypermobiliteten oppdaga? Korleis er motorikken?
Det er føtter, knær, hofter og rygg som plager jenta mi. Hun er tregere i grov motorikken, men fin motorikken er som den skal være. Hun sliter også med balanse og trenger litt ekstra hjelp når det gjelder nye ting hun skal prøve ut. Hun sliter også med litt muskelsvakhet.
Hun går til fysio 1 gang i uken så har vi fått øvelser som vi skal trene med henne hver dag hjemme. De skal også trene med henne i barnehagen egentlig men det gjør dem ikke, de glemmer det.
Hun ble 3år i mars, så gikk hun ikke før hun var 19mnd.
Jenta vår gjekk og ved 19 mnd. Krabba ved 14 mnd. Sette ikkje beina under seg når vi holdt ho oppreist i fanget før ho var året. Men nevrologen utelukka muskelsjukdom. Her er og finmotorikken heilt på høgde, ho teiknar, skriv enkelte bokstavar og perler med små perler. Grovmotorisk ligg ho visst ca 1 år etter, har akkurat lært seg å hoppe med samla bein (men klarar berre eitt hopp om gongen), og begynner å få til å springe.
Ser ein annan her nevner EDS, har jenta di blitt utreda for dette? Eg har lest ein del (egentlig om alt som kan ha samanheng med hypermobilitet), og tenker at det burde vore sjekka. Men det er vel gjerne sånt som skal undersøkast når ho skal på utredning?
Vi har og fått "opplegg" frå fysio, men det er meir generelle ting enn eit spesielt treningsprogram. Type: Øve på å gå i trapper aleine, etter kvart med annankvar fot, kaste ball (eller ballong), gå i terreng, hoppe frå fortauskantar, unngå i sitte i "W-stilling" på golvet, osv. Barnehagen har og fått det, men i og med at det ikkje er nokon ekstra ressurser på jenta vår så kan eg ikkje forestille meg at dei får gjort noko særleg med det, anna enn å "ha det i bakhovudet" i kvardagen.
Eg håpar dåke får kome til utredning snart så jenta di kan få den hjelpa ho treng. Det er så utruleg fortvilande å ikkje kunne gjere noko for å hjelpe på smertene, og når ein i tillegg ikkje får skikkeleg søvn har ein det berre ikkje bra...
Klem til deg!