Eg synest tøtta her er flink!
Då storebroren begynte å lese ordentleg våren i første klasse (då tøtta var 4 1/2) begynte ho plutseleg å stave ord. Altså, ho kunne seie slikt som "Mamma, gjett ka dette betyr: F-I-S-K-E-K-A-K-E" (stava med lydar, ikkje bokstavnavn), og deretter begynte ho å skrive ned. Spurte og grov om korleis den og den bokstaven såg ut.
No (fyller 6 i november) leser ho Thomas-bøker dersom ho har høyrd dei før. Stavar seg gjennom setningane godt nok til å gjennkjenne ord. Ho skriver lange setningar, og sjølv om ho gløymer ein bokstav her og der, og sjølv om bokstavane av og til er speilvendte eller opp ned, er det fullt mulig å forstå kva ho skriv.
Ho har akkurat begynt å spørje om korleis ho skriver tall, men å rekne med tall opp til 10 har ho gjort lenge. No teller ho fint til 100 (må av og til ha hjelp til overgangen mellom 69 og 70, samt 79 og 80), og på engelsk til 30. Seier engelske ord innimellom (veldig påvirka av storebror som ofte ser engelske filmsnuttar/speler engelske spel).
...og i dag lærte ho seg å knyte sløyfe, så no kan ho i teorien knytte sko sjølv (ikkje at ho har sko med knyting uansett, men ho kunne hatt), så eg meiner ho er ganske sjølvhjulpen med det meste av klær og sånne praktiske ting. Kan lukke glidelåsen på jakken og sånt. Einaste ho vil trenge hjelp til ei stund (antar eg) er når ho må flytte innleggssålene over frå eitt par sko til eit anna (f.eks. til støvlar eller gymsko), for dei er vanskelege å få på plass, sjølv for ein voksen.
Føler ho er veldig klar for skulen.