For eit år sidan (6 år) sovna ho ikkje før 22/22.30 om kvelden (veldig enstelig, kom ned "hundre" gongar etter leggetid, alt for mange tankar), og var ihjeltrøtt då ho blei vekka ca 7. Det blei dermed rundt 8,5-9 timar søvn når det var skule neste dag. I helgene kunne ho sove halvannan time lengre.
Etter å ha fått kjempegod hjelp hos BUP med det dei kalte søvnvanskar og angstsymptom har vi fått ei "ny" jente i leggesituasjonen (på andre områder og, for så vidt), så no sovnar ho som regel rundt klokka 21. Vi står opp ca 7.15, og eg må vekke ho ca halvparten av dagane, men veit ho er omtrent ferdigsove fordi ho våknar omtrent til same tid i helgene - mellom 7 og 7.30. Så no som vi har fått orden på søvnen og kjenner søvnmønsteret til jenta godt, veit vi at ho ideelt sett treng rett i overkant av 10 timar søvn i døgnet for å vere happy. Ho fylte 7 for nokre dagar sidan.