Her kallar me dei ved namn, eller yrkestittel.
Eg trur det å kalle tilsette i barnehagen "tante" og "onkel" er med på å senka statusen på oss som faktisk jobbar i barnehage, og endåtil er utdanna til det. "Du passar jo berre born" har eg fått beskjed om når eg har fortalt kva utdanning eg har teke. Dette har kome frå menneskje som sjøl går i vidare utdanning på til dømes NHH. "Du passar jo berre born, treng du utdanning til det?"
Dette kjem mykje av at ein ikkje anar kva ein barnehagedag faktisk består av. Du skal vere pedagogisk, rettvis, du skal planleggje, grunngjeva og dokumentera ALT som føregår i løpet av ein dag. Du skal handtera 20 born der alle har forskjellige bakgrunnar, historiar, familiar og føresetnadar når dei kjem i barnehagen.
"Rettvis men ikkje likt".
Det å verte kalla "tante" kan då gje inntrykket av at det er eit "slappisyrke" for dei som ikkje gidd å få seg ein skikkeleg jobb. Og ja, eg har møtt min del av dei.
Det er ikkje noko vondt i kallenamnet, for all del, men når ein er ein profesjonell i eit yrke, så ynskjer ein å verte omtala etter yrkje.