Eg kjøpte den på Mekk, men du får bestilt den på nettet. Viss du søker opp Maku Sous Vide Stav så skal du få opp nokre alternative plasser du kan kjøpe den.
Det me gjer når me bruker den er at me tar det kjøttet me vil ha oppi ein vanntettpose/vakumpose, har oppi dei krydderene og oljene me vil ha, stiller staven inn på ønsket temp og «koker» kjøttet så lenge som me ønsker. Heilt tilslutt freser me kjøttet i ei steikepanne for å få ei steikeskorpe før me lar den kvile i 10-20 min.
Til dømes viss du vil ha ein rød biff (når du ikkje er gravid) så stiller du staven inn på 50-52 grader, då blir den perfekt rød når den er ferdig frest og kvilt. Så skjærer du kjøttet i skiver og steiker dei du vil ha gjennomsteikt litt meir.
Me pleier å kjøpe slike avlange indrefileter som du må kutte opp sjølv, så deler me den i biter slik at kvar bit blir ca 500g (avhengig av kor mange som skal ha). Dei bitane me ikkje bruker hiver me i frysen til neste gang