Vi har bakt pepperkaker (ferdigdeig) fordi jentungen skulle ha med pynta hjerte til adventskalender på skulen. Eg har nett bakt kardemommekaker, men trur eg skal bake ein omgang til (laga dei første glutenfri så søstera mi kunne få litt, men jentungen har ete så mange at det ikkje er nokon igjen til oss..). Mulig eg lagar kjeks med sjokolade og valnøtter og, men eg gidd ikkje lage hundre forskjellige, tørre julekaker som ingen vil ha uansett.