Du kan ikkje bruke Pepciduo.
Eg har fått litt motstridande beskjedar på apoteket ang. kva vi kan bruke. Eg brukte Novaluzid då eg gjekk gravid sist, eg brakk meg av Gaviscon - og då vart no berre halsbrannen enda verre. Det står at det ikkje er påvist skade hos foster på Novaluzid, og på eine apoteket sa dei eg fint kunne bruke dei. På andre apoteket sa dei at Gaviscon inneheldt mindre stoffar, og derfor var anbefalt for gravide. Eg brukar Novaluzid no og, MÅ ha dei i veska - for eg får litt halsbrann innimellom (sist svangerskap var eg ekstremt plaga, då tygde eg nok tablettar etter kvar gong eg putta i meg noko!). Meiner at Link også er brukbart, det skal stå i vedlegget.
Ellers hjelper melk ei lita stund, unngå sterkt krydra eller feit mat, ikkje et på eit par timar før du skal sove, et små måltid, ikkje mykje mat med syre (appelsin, brus, kaffi t.d.) - og sov med hovudet høgt. Enkelte har råda meg om banan - men det gjer vondt verre for meg. Brente mandlar har eg og høyrt, ikkje prøvd. Og love hearts veit eg mange har glede av. [;)]