Eg har ei veke ferie til gode og hadde håpt på å få ta den i haustferien, men det var dessverre ikkje mulig. Mannen er aleine ansvarleg på jobb den veka, noko som betyr at han må jobbe frå 7.30 til 18.30/19.30 kvar dag (laurdag 8.30 til 15.30).
Heldigvis jobbar eg berre 60% og akkurat denne veka har eg fri mandag - onsdag. Ask kjem nok ikkje til å vere på sfo dei to siste dagane (det er ikkje ferie-sfo på vår skule, så då må han forholde seg til ein ny skule for to dagar, og det blir litt drøyt for han). Enten må eg ta han med meg på jobb, eller så må mannen ta han med seg på jobb. Med mindre svigermor kan ha han, men det er veldig usikkert sidan svigerfar ligg på sjukehus etter hjerteinfarkt (og enno ikkje er stabil nok til å bli flytta frå Ullevål til Haukeland). Mine foreldre er vekkreist den veka.
Ferie blir det uansett ikkje.