Jenta mi var og sein motorisk. Ålte seg på magen ved 9,5 mnd, sette seg opp ved 13 mnd (det var og på denne alderen ho først strekte beina ut og "stod" når vi holdt ho oppreist på fanget), krabba ved 14 og gjekk ved 19 mnd. Men ho gjekk ikkje stødig før ho var over to år. Ho snubla og datt maaange gongar for dagen.
Ved 12 mnd blei ho undersøkt av nevrolog pga sein motorisk utvikling, dei meinte ho berre var bedagelig og at vi skulle la ho ta ting i sitt eige tempo.
Ved 18 mnd fekk fekk ho diagnose melkeproteinallergi og begynte på diett (hadde lagt på seg berre eit par hundre gram det siste halve året...). Etter det blei motorikken bedre i alle fall, sjølv om det tok lang tid før magen blei bra og ho slutta å skrike.
Ved ca 3 år fekk ho påvist hypermobile ledd (eg meinte ho hadde vore unormalt mjuk heile tida, men fekk berre til svar at "alle små barn er myke") og plattfot. Ved 4,5 år fekk ho såler og begynte å trene styrke hos fysio pga slapp muskulatur. Etter eit par år var ho "friskmeldt" hos fysio.
No er ho passert sju og er framleis veldig mjuk og veldig plattfot. Ho brukar såler i skoene og er nok verken den raskaste eller mest spenstige eller mest utholdande i klassen. Men ho er for det meste frisk og har det ellers bra! Har vokst av seg melkeallergi og astma, har litt eksem.
Eg ville ringt og mast eg. Igjen og igjen. Spurt om det er nokon mulighet for å komme til tidlegare, ev. gitt beskjed om at dokker kan stille på kort varsel dersom dei får ei avbestilling.
Det ER sånn at dei som roper høgast blir høyrd.
Lykke til!