Gallestein

Gutt2012/spire 2015

Elsker forumet
Junibarna 2015
Sliter veldig med hyppige gallesteinsanfall, ble innlagt senest på tirsdag pga syke smerter i øvre del av magen. Fikk påvist gallestein/grus. Skal ha en konsultasjon om en mnd der de vurderer å ta bort galleblæra.. Erfaringer?? Tenker på smerter etter operasjon og livet uten galleblære..
 
Interessert i å høre andre sine erfaringar eg og...

Eg har denne veka hatt gallesteinsanfall for tredje gong (heldigvis ikkje så himla ofte enno). Første gong var eg innlagt i tre dagar, andre gong gjekk det over på veg til legevakten. Denne gongen måtte eg på legevakten og få smertestillande på søndag, men det forsvann liksom ikkje heilt. Blei vondt igjen onsdag kveld (hadde voltaren som eg tok då), før det blei skikkelig ille på torsdag. Var hos legen og fekk resept på smertestillande, voltaren hjelpte ikkje, men tramadol tok det etter 2-3 timar. Men det ligg og "murrar" framleis. Blodprøver tatt torsdag var fine.

Ei venninne har fjerna galleblæra, og er veldig fornøgd med det. Har ikkje detaljar, men det blir vanlegvis gjort med kikhullsoperasjon og ein kan reise heim dagen etter. Nokre dagar med litt smerter må ein rekne med etter alle operasjonar, men det er neppe verre enn anfalla før operasjon... Håpar eg får gjort det viss eg fortsetter å gå og ha vondt/få stadig nye anfall. Vil sjølvsagt helst unngå sterke smertestillande no sidan eg ammar (voltaren er ok, men det blir nokre måltid med mme på flaske til babyen og pumping på meg etter tramadol), ekkelt å "utsette" baby for medisiner, og tungt å måtte pumpe og styre med flasker når ein har vondt/er dårlig...

Håpar du har hatt de bedre dei par siste vekene, det er virkelig noko dritt det her!
 
Eg anbefalar på det varmaste å få galleblæra fjerna. Fekk eit nytt liv!
Hadde anfall fleire gonger i veka til slutt, og var livredd for å eta noko som utløyste anfall. Venta i nesten eit år på operasjon.
Mykje smerter og kvalme rett etter, men var i fin form allerede dagen etter. No hadde eg magesår i tillegg, og har derfor ikkje blitt kvitt alle plagene (eg trudde alt var pga gallen), men har kun hatt nokre få "minianfall" pga gallegrus, og det er heilt nydeleg å sleppe dei grusomme anfalla! Kjør på med operasjon jenter:D
 
Back
Topp