Her er novemberjenta SUPERklar for skulestart. Det har vore litt fram og tilbake her, eg har vore på foreldremøte på ein skule, men har no kjøpt hus litt unna og vi har bestemt oss for at ungane skal bytte skule og. Den "gamle" skulen er ca. like langt unna, men alle i nabolaget går på den "nye" skulen og eg er heller ikkje fornøgd med måten den "gamle" handterar storebror som har spesielle behov.
Lillejenta leser og skriver (begynte samtidig som storebror knakk lesekoden, han var då 6 1/2, ho var 4 1/2) og gler seg voldsomt til å begynne. Og så blir dei i alle fall fire jenter frå same avd. på barnehagen i den klassen, så det blir veldig kjekt!
Det begynner så smått å gå opp for meg og... Har akkurat kjøpt hus og bestemt flytting så no må eg søke SFO-plass og skuleskyss og sette meg inn i klokkeslett og dagsplanar. Kjenner fleire av dei som jobbar på "nyeskulen", så vi har allerede fått tatt ein sniktitt og ungane har sett klasseromma sine og leikt litt på skuleplassen utan at det var fullt av folk.
Veldig rart at desse små begynner på skulen allerede... Eg synest ho er så veldig lita! Men samtidig så er ho og nesten to år yngre enn eg var (fødd tidleg på året, så eg begynte då eg var 7 1/2), men det går vel helst bra. Ho er i alle fall klar som eit egg sjølv, og det er vel det viktigaste.