Friskmelding

beibis

Elsker forumet
No trur me at Sigurd omsider er frisk, etter ni dagar med omgangssjuke og diare. Han avslutta i går kveld med nesten 40 i feber, så me trudde han hadde fått noko nytt på venterommet på Barneklinikken. No satsar me på at det var ein grand finale, og at kroppen har kvitta seg med viruset. Huff, det var ikkje noko kjekt. Skal tru korleis det blir å begynna i barnehagen...
 
So bra at Sigurd er frisk att. Er ikkje noko moro når dei små er tuskne, håpar det er slutt på sjukdom hjå dikka no slik at de kan kose dikka resten av romjula.
 
Back
Topp