Her hadde guten første skuledga på torsdag. Vi møtte opp ved flaggstanga og blei møtt av rektor, inspektør, tre lærare, to assistentar, SFO-leiar og ein lærling.
Rektor prata litt (mellom anna om at det skulle vere minnemarkering for 22/7 på fredag), og så blei elevane ropt opp ein etter ein. A-klassen først, så C-klassen (som skal ha ein del timar saman med A) og til slutt B-klassen. Alle elevane gjekk fram og helste på rektor og sin lærar.
Då alle var ropt opp fulgte foreldre etter læraren og elevane inn i klassen og fekk lit informasjon om korleis dagen skulle vere (bli litt kjent, ha friminutt, ete lunsj, vere ei stund på SFO, så bli henta eller vere på SFO til henting). Deretter fekk vi lov til å ta bilete av ungane ved pulten sin og så måtte vi gå.
Vi henta guttungen litt før kl 15, då var han ute og sykla og koste seg på SFO. Dei hadde fått lesebok, og leksa til fredag var å få bokbind på den og skrive navnet sitt utanpå. Eg fekk ikkje vite så mykje om kva som hadde skjedd, for det var hemmeleg i følge guten. Men han sa det hadde vore kjekt...
Han gledde seg til skulen på fredag og hadde hatt det fint så vidt eg forstod då eg henta han. Lillesøster var med for å hente han og han viste ho stolt rundt på SFO, i gangen der han har jakken og skoa sine, forklarte om dei ulike basane på SFO, viste skogen utanfor skulen, osv. Så eg trur han trivs så langt i alle fall.
Lykke til med skulestart i morgon!