Eg hadde setefødsel sist, men då var ingen forberedt på det. Eg fekk beskjed om at hovudet var festa heile veien, men når fødselen var i gang fann dei ut at han låg feil vei... Eg gjekk ei veke over termin og vatnet gjekk heime (etter nokre timer med milde rier), vatnet var misfarga så eg blei innlagt. Når dei skulle festa elektrodane på hovudet hans så var alle signala opp-ned for det var jo rompa og ikkje hovudet

dette var etter at tre jordmødre hadde sjekka åpning, så dei var ganske sjokka over at dei ikkje hadde oppdaga det før! Eg fekk god forklaring på kva som kom til å skje og det var ei jordmor på rommet heile veien og følgde godt med på mini i magen. Fødselen min tok 24 timer og pga stor fare for keisersnitt fekk eg ikkje mat, så det kan du vere litt obs på. Eg blei ganske tappa av energi. Eg fekk epidural ganske tidleg (der hadde eg ikkje noko valg) så eg var sengeliggande omtrent heile tida. Det blei ingen keisersnitt på meg, noko eg var glad for den gangen. Men han blei tatt med tang, og eg blei klipt ganske mykje så dei første tre mnd følte eg meg mørbanka og sat ikkje skikkeleg. Så eg veit ikkje kva som er best der...
Akkurat når han kom ut var det masse folk på rommet, barneleger, overlege og jordmødre, 8 stk tilsammen, så eg følte meg trygg sjølv om det var litt skummelt. Han måtte ha litt pustehjelp heilt i starten, men i løpet av nokre minuttar var han på brystet mitt og rommet var "tømt". Eg blei advart om at han kunne sjå litt rar ut når han kom ut, deformert hovudet og skjeive hofter, men han såg heilt normal ut

Eg skal til jordmora om ei veke (er då 33 veker) og skal be om ul for å sjå kva vei han ligg denne gangen. Det kjennes ut som om han ligg samme vei som storebror gjorde

eg kjenner eg ikkje er så veldig gira på å gjenta dette, men alt i alt så overlevde me jo begge to sist
