beibis
Elsker forumet
Stakkars Sigurd vakna med høg feber onsdag, og onsdag kveld hadde han eit anfall av feberkrampe. Han var heilt vekke i minst fem minutt, stiv i kroppen og med rykningar, heilt bleik og kortpusta. Me var på poliklinikken på Barneklinikken med han, men han hadde ikkje utslag på blodprøvane. Så då er det vel eit mystisk virus som gjev han den høge feberen, den kjem så brått på og. Huff, veldig skummelt. Så eg har jo sjekka han ein gong timen om natta, omtrent. Eg skal vera raus med paraceten framover!