Søndag 30.08.09
På morningen i 10-tida merka eg at det var litt tak på gong i magen, fant ut eg ville teste denne rietelleren som var på nettet for å sjå om det kanskje var noko.. :)
den kom fram til at eg hadde litt små-tak som varte alt i fra 25-50 sek og kom med mellomrom alt fra 3 min til 10-15 min. Så særlig regelmessig var det ikkje då..
Desse «riene» fortsatte utover dagen, men følte det dabba litt av i mellom kl.15 og 16.. Så då vart eg jo litt skuffa..
Men så i 17-tida begynte taka å bli ganske regelmessige, mellom 2-5 min mellom riene og de varte mellom 50-80sek.
De var også begynt å bli vondere enn tidligere på dagen, men fremdeles gikk det ganske greitt.
I 18-tida måtte eg hive meg i dusjen, då var det begynt å bli skikkelig vonde tak syns eg.
Varmen hjalp litt, men blei så anpusten og ekkel av å være i dusjen så gjekk utav igjen etter et kvarter.
Morten hjalp meg med å få klede på, å så bestemte me oss for å ringe opp til føden og snakke litt med de.
Då var klokka rundt halv 7, og me fekk beskjed om at me kunne få komme opp på en sjekk.
Fant ut at me kunne ta med oss fødebagen og fotobagen i tilfelle det skulle være fødsel på gong.
På sjukehuset blei me vist inn på undersøksrommet og eg blei satt på ctg-registrering.
Fy f kor fælt det var å måtte ligge i ro med det på mens riene kom.. :(
etter en 20 min med ctg, så sjekka JM meg nedantil, då var opningen 3 cm og eg var moden og mjuk og vannhinna var fast.
Med andre ord, me fekk ikkje reise heim.. :) Klokka var kvart over 7 når ho sjekka meg..
Me fekk tildelt fødestova, den eg hadde sett meg ut når me var på omvisning ;) heldig med den!
Måtte kort tid etter me var komt inn der på do, og då hadde eg tegningsblødning.
Cd-spelaren som var på rommet var god hjelp, høyrde på radio og gynga meg gjennom riene med musikk.
Satt i eine stolen, sånn god stol/ammestol og gynga fram og tilbake. Fødekrakken snudde me på hovudet og eg brukte den så fotstøtte.
JM gjekk litt til og frå i denne fasen, spurde også om eg hadde tenkt på smertelindring eg ville bruka,
nevnte badekar, gymball, fødekrakken, sjølvsagt lystgass og epdiural også, og då ho nevnte varmeflasker så tenkte eg da vil eg prøve.
Fekk først berre ei varmeflaske, hadde den i ryggen, og gubba kor deilig det var altså!!
Spurde etter ei stund om ei flaske til magen også og fekk så det. Dette lindra godt under riene et par timar.
Men etter vaktskifte i halv 10-tida og lytting på babyen så måtte eg ta vekk den varmeflaska på magen,
babyen blei stressa av varmen, så pulsen hennas var høg.
Riene kom titt og ofta etter dette og blei vondare og vondare. Holdt på å sovna mellom taka, var heilt utslitt.
Så i 11-tida trur eg det var måtte me ut av fødestova.
Det var ei som var lengre i fødsel enn meg, og med to fødestover og 3 fødslar blei eg vist inn på eit familierom.
Det var ikkje så kjekt. Og me følte egentlig at me blei litt «forlatt» der inne.
Var jo nattevakt, og då er det jo mindre folk på jobb enn vanlig, men me var der inne lenge følte eg. Uten å bli sjekka på.
Mandag 31.08.09
Men når klokka nærma seg 1 kom JM inn og sa at me snart skulle få komme inn på fødestova igjen.
Og kvart på 2 var me tilbake på fødestova.
Eg hadde fremdeles med meg varmeflaska til ryggen, men måtte slutta med den kort tid etter me kom inn på fødestova igjen.
Hadde fått 1.grads forbrenning nede i korsryggen visst..
Jm sjekka opningen og den var på 7 cm, og då spurde ho meg om eg ville at ho skulle ta vatnet eller om me skulle venta.
Eg spurde om det ville få fortgong på ting og ho sa at det kunne det, men ikkje noko garanti.
Eg sa ho kunne berre ta det. Vannhinnene var visst ganske sterke, så ho brukte litt tid før ho fekk stukke hol på de.
Men så fossa da plutselig, merkelig følelse. Når vatnet blei tatt begynte eg med lystgass og brukte det fram til pressriene, så fekk eg ikkje bruke det meir.
Fostervatnet var sterkt misfarga som det stod i fødselsjournalen eg fekk med meg,
så ho måtte setta på elektrode på hovudet til snuppa for å passe på. Og det måtte komme inn enda ei jm, dersom det skulle vere noko med snuppa når ho kom ut.
Tida gjekk og riene blei meir intense etter at vatnet var tatt,
etter sjekk kl.3 fekk eg beskjed om at eg hadde full åpning og måtte gi beskjed når trykketrongen kom,
i mens gjekk ho ut ein liten tur i rommet rett atmed.
Det gjekk et kvarter,-20 min så kjente eg at eg måtte «trykke». Rar følelse.
Brukte stemma ein del under de første riene med trykketrang. Eg sa til Morten at "
No må du henta jm!!" Og han henta:)
Småtrykka fram til klokka var halv 4 og deretter var det effektiv trykking.
Jm hjalp meg under pressriene og når ho var komt ned i opningen så måtte eg ikkje trykke, og det klarte eg å la være.
Men dææven kor vondt det var, svei godt ja!!!
Så etter 19 min med pressrier og så var snuppa ute:)
navlestrengen var litt kort, så eg fekk ho ikkje heilt opp på brystet med det samme, men så godt som:)
Morten klypte navlestrengen, så tørka de ho litt og eg fekk ho tilbake på brystet igjen.
Sa til Morten "
Tenk ho er berre vår, berre vår:)" Ho var nydelig svart hår og mørke store auger:) 3470 gram og 51 cm lang. Heilt perfekt:)
Og ho fant fram til puppen kjapt og låg å sugde når de sjekka meg for sår etter fødselen.
Fekk to rifter og beskjed om at mellomkjøttet mitt var veldig tøyelig, så neste gong kom eg sikkert ikkje til å rivne.
Etter at riftene var sydd trilla de inn senga mi inn så eg kunne smyge meg over (hadde fått store skjelven no så skalv og skalv).
Så trilla de meg inn på rommet og Morten bar snuppa inn, då var vel klokka nærmere halv6-6 trur eg.
Snuppa blei lagt til det andre brystet og sugde seg fast ganske så kjapt. Etter en halvtimes tid blei ho lagt i senga si og sovna.
Og så la me oss for å sove litt og, eller, eg låg jo alt:)
Alt i alt, en fin fødselsopplevelse:)
Litt bilder:

Nett komt inn på rommet her[:)] -Godt med pupp
Kvile seg litt 1 dag gammel her[:)]
Kose på brystet etter mat, 5 dagar her[:)]