Trur eg har prøvd dei fleste stillingar. På kne på golvet, liggande over saccosekk, liggande i fødeseng, på sida, ståande i preikestol .. ikkje prøvd fødekrakk. Rådar deg til å ta det som det kjem, og følge råd frå jordmor. Har du bekkenløsning, så er det viktig å gi beskjed om det, slik at det blir tatt hensyn til - då får du ikkje alltid velge fødestilling (du KAN, men det vil jo sannsynligvis gå utover bekkenløsninga etter fødsel).
Eg låg mest i fødeseng under første fødsel (ikkje godt!), men prøvde også saccosekk og preikestol. Under andre fødsel prøvde eg det meste fordi bekkenet gjorde så vannvittig vondt (kjente nesten ikkje riene pga. kraftig bekkenløsning). Endte til slutt opp på sida, kor sambo og barnepleiar måtte løfte eine beinet mitt opp kvar gong det kom ei ri og eg skulle presse. Makta ikkje bevege meg sjølv. Bekkenløsninga var ikkje over før Vetle var 8 mnd., denne gongen trur og håpar eg det går betre (sjukmeldte meg litt før denne gongen, og merker eg ikkje slit like mykje enda).