Fødde 4. desember

Ænna

Andre møte med forumet
Hei, damer! Eg fødde 4. desember, allereie ei veke sidan! Me fekk ei fin lita jente, 51 cm lang, 3650 g og 36 rundt hovudet. Slik var fødselen:

Måndag kveld, 3. desember, ca. 22.15 svarte eg på ei melding til ei venninne og skreiv at ingenting var på gang, det såg dårleg ut for snarleg fødsel osv. Eg hadde då ein del luftsmerter i magen, noko eg hadde hatt mykje siste vekene. Klokka 23 la eg meg og oppdaga at mageknipen begynte å komma og gå. Først var det litt uregelmessig, 10 min, 8 min, 12 min osv. Så vart det færre minutt mellom og litt meir regelmessig. Klokka 01 vekte eg mannen og fortalde om mageknipen som kom og gjekk. Me bestemte ganske snart at han måtte setja i gang å få bagen og anna ut i bilen. Då klokka nærma seg halv to, ringte eg fødeavdelinga. Då kom riene med 5 minutts mellomrom, og me har litt over ein time å køyra for å komma oss til sjukehuset. Jordmora eg snakka med, tenkte nok at det ikkje hasta, spesielt sidan eg klarte å snakka gjennom riene, men ho sa me fekk komma inn på ein sjekk. Deretter ringte eg foreldra mine som måtte komma og passa storesøster. Dei kom så fort dei kunne, og klokka 02 køyrde me av garde. Då var det berre 3 min mellom riene, og etter kvart var det 2 min mellom. Heldigvis var det tørre og berre vegar, så me kunne susa av garde, men mannen var uroa på grunn av kvining i bremsane ... Heile vegen vurderte me om me måtte ringja etter ambulanse, men eg følte eg hadde kontrollen og kjente ikkje trykketrong. Me var framme ved sjukehuset ca. 03.10. Først måtte me venta litt, for fødestova måtte gjerast klar etter ein nyleg fødsel. Då eg var komme meg opp i fødesenga, gjekk vatnet, og eg kjente med det same at eg måtte pressa. Jordmor sjekka meg, og eg hadde full opning; då vart ho litt overraska! Det heitest at det skal vera ein lette å få lov å pressa, men det var det IKKJE! Det heile vart ganske panikkaktig, følte eg. Eg mista på eit vis kontrollen over smertene, eg angra på heile opplegget og ville ikkje pressa. Men det måtte eg jo, så eg prøvde berre å gjennomføra. Heldigvis tok pressinga berre rundt ein halvtime. Først kom halve hovudet, så kom resten av jenta. Då var klokka 04.03. Etterpå måtte eg sy 6-8 sting utvendig. Heile fødselen tok altså 5 timar, så det gjekk jo eigentleg ganske greitt, sjølv om den pressinga vart noko av eit sjokk for meg. Det var ikkje like panikkaktig å pressa med storesøster!

Me reiste heim etter to dagar, og no berre kosar me oss! Eg har litt smerter pga. syinga, men eg håpar det snart går over. Storesøster er veldig stolt, og veslesøster et og søv og ser søt ut :D
 
Yay! Gratulerer så masse!!
 
Back
Topp