Min erfaring er at det var ein grunn til at babyen sparka dyna av seg, hu blei veldig varm i slik sovepose. Eg liker ikkje å ha det kaldt på soverommet, har rundt 20-23°C på soverommet altså likt som resten av huset. Og siden baby sover på rommet med meg så er det viktig å få lov å få sparke av seg dyna. Sommerhalvåret ligger me kun med laken, då har baby også svært lett dyne eller kun laken.
Veit mange er redde for at baby blir kald, men eg trur at i dei fleste hus idag som er så tette og varmeregulert ned til den minste grad i dei fleste rom så har ikkje baby samme behov for varmeregulering slik som før i tida. Så eg tenker det er noko som veldig hører fortid til for dei fleste, og at ein bør være svært bevist på at baby får mykje frisk luft og ikkje blir for varm i alt for tette hus.
Eg har 2 jenter og eg trur aldri eg har opplevd at dei som baby, altså opp mot 1år har vært kalde, derimot for varme veldig ofte. Kjenner det godt i nakken om korleis temperatur dei har. Men eg bur på vestlandet med jevnt over greie temperaturer alltid, sikkert veldig annerledes lenger nord og steder der temperaturen er jevn lav vinterhalvåret.