alatariel88
Flørter med forumet
Sniker frå juli for å høyre om nokon har erfaring. I januar 2017 vart eg konisert grunna alvorlege celleforandringar, som vil sei at eg fjerna litt av livmorhalsen. Dette gjer at eg havnar i gruppa for risikosvangerskap pga auka sjans for spontanabort og for tidleg fødsel. Eg meiner eg har krav på tettare oppfølging i svangerskapet. Andre i same situasjon? Kva tid har du tatt/tek du kontakt med fastlege for å informere om graviditeten og få systemet satt i gong? Eg kjenner at for min eigen del stressar eg ikkje med å skulle gå til lege på eit kjempetidleg tidspunkt, men skulle gjerne visst om nokon har erfaring rundt rutinar av koniserte og svangerskap. 4+5 i dag.