Sorry for nok eit ekkelt tema her inne... Eg må berre høyre om nokon andre har hatt utruleg laus mage og oppkast før fødsel? Eg er 39 veker no, har termin om 9 dagar. Sidan i går kveld har eg verkeleg fått tømt meg - kasta opp tre gonger og vore mykje på do. Er eg sjuk, eller er det kroppen som gjer seg klar til fødsel? Mykje kynnere og knip i tillegg, så eg har nesten ikkje sove i natt. Forferdeleg vondt! :-(