Desemberbaby på vei!

Mirabella

Flørter med forumet
Hei!

Tenkte eg skulle ta turen inn hit, sidan det for tida er så lite aktivitet på mitt gamle gravid-forum. Ser ut som det er mykje aktivitet her inne iallfall. :)

Eg er 38 år gammal, gift, og er mamma til to jenter frå før, på 2 og 6 år. Har termin i midten av desember. Har ingen graviditetssymptom, så eg er litt avventande fram til eg har vore på UL om ei veke, og fått sett om det er liv. Eg har verken hatt blødningar eller magesmerter, men synst det er litt rart at eg ikkje har eit einaste graviditetssymptom. Håpar alt står bra til med spiren min likevel.

Kryssar fingrane for at eg får bli her inne heilt til desember, og bli kjent med alle dåke andre komande desembermammaer! :)
 
Gratulerer, og velkommen inn hit:-)
 
Gratulerer så mye :)
 
Gratulerer! Når er termin?
 
Tusen takk, alle saman! :)

Viss eg reknar ut termin frå første mensdag, så blir termin ca 19. desember. Men eg veit ikkje akkurat kva dag i syklusen eg hadde eggløysing, så det er litt usikkert. Termin blir iallfall heilt sikkert i midten av desember ein gang. Eg skal på tidlig UL neste onsdag. Og viss alt ser bra ut då, så får eg vel vita meir nøyaktig termin. :)
 
  • Liker
Reactions: Bee
Back
Topp