ja, og hvilke hensyn må vi ta? er det sånn at de kan "leve som normalt" når de bare har fått briller? tenker på lesing, tv-titting og sånne ting hvor man bruker øynene mye...perling og tegning også...!
Guten vår er og svært langsynt. Brillestyrken er +6,75 og +7,5. Oppdaga det då han var drøyt 3 1/2. Det viste seg etter kvart at han ikkje brukte det eine auget i det heile tatt ( det med +6,5), berre det med størst brytningsfeil. Måtte begynne med lapp mange timar for dagen for å tvinge han til å ta i bruk det "dårlege" auget. Til å begynne med var han i praksis blind med lapp, men det gjekk fort over. No brukar han det dårlege auget så lenge han har lapp på, men så fort lappen går av brukar han berre det gode.
Det at han berre bruker eitt auge gjer at han ikkje har dybdesyn (kan ikkje sjå f.eks. 3D-bilete eller film) og har problem med å gå i ulendt terreng. Heime hoppar han ned trappene for her er han godt kjent og kan alle avstandane. Men han har vanskar med å bedømme avstand i nye omgivelser (f.eks. skogstur).
Han vil ikkje bli blind, men kroppen kan finne på å undertrykke inntrykka som kjem frå det eine (dårlege) auget i så stor grad at han i praksis blir blind på eitt auge. Forrige augelege vi var hos (henvist til sjukehuset fordi "vår" lege ikkje kunne bidra med noko meir) sa noko om "bortimot +9", men vi skal tilbake og måle brytningsfeilen ordentleg på nyåret antagelig.
Lesing og tv går heilt som for andre. Data/ds får han kanskje spele meir enn andre fordi det er den aller beste treninga det dårlege auget kan få. Så han får spele når han brukar lappen. Det er mulig å trene opp synet fram til 7-8-årsalderen, auget er i stadig utvikling fram til då. Guten vår har aldri likt å teikne, male, perle eller andre finmotoriske aktivitetar. Første gong han teikna noko eg såg skulle forestille eit menneske var han fem år. Dette heng veldig igjen no som han har begynt på skulen. Han ser og forstår at "alle andre" er flinkare enn han, og vegrar seg derfor for å prøve. Han kan ikkje sykle, har noko dårleg balanse og er redd for å prøve - truleg pga manglande dybdesyn, det er skummelt å vere oppe frå bakken og kjøre fort framover utan å kunne bedømme kor du er i forhold til alt og alle.
Dei to første åra klarte vi oss utan solbriller, men i sommar måtte vi ha det. Dette fordi lappetrening ikkje har vist nokon framgang og augelegen ville at vi skulle dryppe han med pupillutvidande dråpar i det gode auget. Då blir pupillen så open at auget ikkje kan brukast i det heile tatt og han MÅ bruke det dårlege. Gjekk med auget sånn konstant heile mai, juni og juli i år. Då blei det så lyst at han fekk vondt og måtte ha solbriller (fekk det då dekka sidan han var spesielt lysømfintleg pga dråpar som var eit ledd i behandlinga). Utan dråper klarar vi oss fint med caps/skyggelue når det er sol, men no som han først har solbrillene brukar han dei når det er veldig lyst ute.
Vi kjøper briller hos Brilleland. NAV dekker brilleglasa + 400,- av innfatninga, vi får nye når han treng nye (men sidan han er eit roleg barn har han aldri øydelagd briller, men har vokst ut av to par, eitt sett glas har blitt så ripete at han trengte nye og ein gong måtte vi skifte glas fordi han trengte ny styrke). Første gong kjøpte vi to par (for å ha eit par i reserve), men reserveparet blei aldri brukt. No har vi eit par av dei "gamle" brillene (dei som er ganske ripete) til reserve, han brukar dei i senga når han har lagt seg, i svømmebassenget, osv.
Akkurat KVA og KORLEIS han ser får vi nok aldri vite. Det vi veit er at han berre brukar det eine auget til vanleg, og at han har ca 60% syn
med briller. Dvs at dersom eg ser på plakaten med 10 linjer med ulike figurar så ser eg alle klart og tydeleg. Han ser berre dei seks øverste linjene. Resten er truleg tåkete/uklart. Utan briller ser han neppe den svana som er heilt øverst ein gong.
Eg kan fortsette å skrive i ein evighet, men eg bør kanskje sove litt og. Dersom det er noko du tenker eg kan hjelpe med så berre spør, eg begynner å få litt erfaring med langsynte barn og briller.