Eg gjekk på cyclogest ved mitt andre forsøk no i sept og vart veeeldig dårlig av den. Eg har reagert veldig lite på alle andre hormonar eg har teke, men cyclogesten vart eg heilt satt ut av. Hadde masse hovudverk og var tung, slapp og veeeldig trøytt heile tida. Hadde null energi igjen. Brukte alt eg hadde av energi på å køyra dei 10 minuttane til legekontoret for å sei det slik.. Vart sjukemeldt heile rugeperioden. Men fekk forklaring frå klinikken at cyclogesten var den sterkaste typen hormonkapslar ein kan få vaginalt. Den er ca dobbelt så sterk som crinonen f.eks. Men den skal virka bra då, så er nok verdt lidelsane! Sjefen på Hausken anbefalte meg å ta 2x500 mg paracet 3xdaglig for å sjå om det hjalp etter at eg hadde vore like dårlig ca ei veke, og det hjalp. Ellers så var det kroppen som vente seg til cyclogesten dei siste 4 dagane eg gjekk på den. Behøvde berre å ta paracet ein dag, så var det bedre fra ettermiddagen den dagen, og var ganske ovenpå dagen etter det:)