torhildy
Betatt av forumet
Eg skjønner at eg har eit luksusproblem og alt det der, men eg prøver meg her uansett... Me har vore så heldig at me har fått ein gutt som sover heile natta gjennom og har stort sett gjort det frå han var 3 mnd. Når me begynte med graut på kvelden så ville han ha mat i 5-tida på natta og fekk det. No har han begynt igjen å sove heile natta gjennom, men det resulterer jo i at eg har brystspreng kvar morgon! Så kva gjer eg med den sida han ikkje får? Skal eg pumpe eller vil det berre forlenge problemet? Om eg pumper så kan eg gjere husarbeid og leike med gutten, men ellers så går eg berre å venter på neste måltid og beveger meg minst mulig. Nokon tips?