Eg er ganske lys blond (i alle fall om sommaren) og mannen er sånn mellombrun.
Eldste er heilt lys i håret (var heilt krittkvitt dei første åra)
Lille var ganske raud i håret som baby, men har blitt lysare og lysare. Er framleis mørkare enn broren, og har ein anelse raudskjær i håret når ein ser det i dagslys, men mykje mindre enn det såg ut til å bli.
*poff* *poff*
Her på 1-årsdagen og ved 3 1/2 år.
Broren min er raud i håret (det håret han har igjen ;p), kona hans er og raudhåra, det same er begge ungane.
Både mamma og pappa er mellom --> mørk brune i håret og har blå/grå auge. Dei klarte å produsere: 1 raudhåra barn med grøne auge, 1 blondt barn med blå auge, 1 brunhåra barn med grå auge og 1 nesten svarthåra barn med brune auge. Dei fekk til alle variantar... Men så har vi alle variantar i slekta frå før og.