Me hadde Cybex Priam-vogn til vår 5-åring som me har vore veldig fornøgd med, der me hadde eit 3-i-1-system med babybag (carry cot), småbarnssete til vogn (Lux Seat) og bilstolen Cybex Aton Q som også passar til vogna med ein adapter. Budde i USA på den tida og var mykje på reise med baby, både i bil og med fly/tog osv. Då var dette eit genialt system for oss! Bilstolen kan festast med belte og det er dermed også mogleg å ha denne med seg på reise og vera sikker på at babyen sit trygt i taxi osv. Det blir nok betydeleg mindre reising på oss denne gongen, men likevel eit veldig praktisk system! 
