Min er relativt lik, men merkar fotskjell dei dagane han trulig ligg med hovudet ned. Mindre texas, meir gnuring langs bekkenet + litt stikninger og nedpress. Og kjenner hikkinga veldig godt.
Mistenker han var i tverrleie her før i veka, då var det heilt vilt. Så variasjon er det jo. Men heilt rolig gjennom heile dagen hadde eg nok reagert på. Min er ikkje rolig i meir enn typ 45 min..
Men ein kan jo vere obs på at typen bevegelse endrar seg frå +- veke 32, då begynner det å bli såpass trangt at det går over frå dei typiske sparka til meir "seige", store bevegelsar, bukting, trykking og rulling, om du skjønnar..? Hyppigheten og styrken skal vere lik, men kan innimellom vere vanskelig å kjenne alle bevegelsane like tydelig når ein sjølv er i aktivitet. Syns eg iallefall. Sit eg eller ligg eg blir dei veldig tydelig, ser heile magen forskyv seg frå side til side.