Neidå eg er ikkje gravid, men eg har aldri før hatt så tydelige eggløsningsmerter uten hormonstimulering som eg hadde i dag! Var skikkelig vondt å stå oppreist dei fyrste timane på jobb i dag. Måtte prøva å stort sett sitja då ja[;)] Og fekk ut litt tydelig el-slim og på eine toalett-turen min i dag. Og i dag er eg på dag 17. Dvs at eg er meir tilbake til min eigen syklus slik den var rett etter kikkholsoperasjonen i april 07. Då hadde eg syklus på 28 dagar og el på ca dag 16-17. Det er jo ein bra ting! Håpar berre me får det til å klaffe med forsøk i Danmark no då på denne syklusen som kjem! Det gjenstår å sjå korleis det klaffar med min sambo sin jobb. Men eg er klar! Vil helst i gang med forsøk i dag! Men snart, snart, snart... Tålmodighet må til.. Dessverre....
