SUPERT(
!!) at probleme har blitt oppdaga og at behandling er påbegynt så tidleg! Det er veldig mykje bedre prognose for å få fullgodt syn på det dårlege auget når det blir tatt tak i allerede i den alderen, enn om det hadde blitt oppdaga om eit par år..
Du bør la lappen vere på på den tida der barnet er mest aktivt, tips vi fekk frå augelegen var ved uteleik i bhg, ved pusling/teikning og så måtte vi endeleg la guttungen spele pc-spel med lapp fordi det omtrent er den beste treninga ein kan få. No er vel ditt barn *litt* lite for det, men eg ville uansett valgt å bruke lappen i bhg til vanleg.
Men eg ville nok hatt lyst til å følge med reaksjonen til barnet dei par første gongane, og tatt det f.eks. i helga når dåke er ute og leikar eller noko slikt.
Håpar lappebehadlinga går bedre for dåke enn for oss (no, etter snart 2 år med lapp 7t for dagen, 5 dagar i veka, har guten framleis berre ca 50% syn på det dårlege auget, og som eit siste forsøk før skulestart drypper vi det gode auget med augedråpar som gjer at han ikkje kan bruke det i det heile tatt, kva dag i 3 mnd...), eg vil tru det er relativt enkelt å venne eit såpass lite barn til lapp. Spesielt når det ikkje er snakk om veldig lang tid i løpet av dagen heller til å begynne med.
Vér obs på at barn som ikkje tåler plaster sjeldan tåler lappane (same type lim). Hos
http://www.reseptfri.com får du lappar som er bedre for huda, og når barnet får briller er det fullt mulig å sy stofflappar som du festar på brillene i staden for å klistre dei på huda.
Endring: Wohoo! Reseptfri.com har no tøylappar til slags og :o) Eg må berre slå eit slag for dei - dei er heilt supre når barnet ikkje tåler plaster, eller om det blir protestar fordi det er ekkelt med klister på huda.